2017 Sommerleir - seiltur på Trøndelagskysten

Sommerleir 2017

Ein glad gjeng møtte på Værnes 02.juli og reiste inn til Trondheim og møtte resten av gruppa. Nokre var litt spente for det var fyrste gang de var med på leir. Me gjekk til piren der me traff Stian frå Crazy Coyote.



Me tok båten ut til Brekstad der me overnatte. Vi fekk ei god innføring i seiling. Vi møtte Tor og Hans som var mannskap på den andre seilbåten. Tirsdag seilte me frå Brekstad og til Knarren, i Knarlagsund på Hitra. Vi hadde litt dårlig vær, så nokre vart litt sjøsjuke. Alle var flinke med arbeidsoppgavene som me fekk, og det var moro å få vera med på å slå seil. Frå Knarren gjekk turen til Sula, vi hadde bedre vær, så alle var friske på turen. Her fekk me vera med på kajakkpadling- trekking av teiner-fisking- trebåter og robåter.




Vi hadde konkurranse om kor mange krabber ein ville få i teina. På kvelden kokte me krabbene og grilla fisken me fekk. Alle som hadde lyst fekk smake. Elles grilla vi pølser og hamburgere. Vi prøva badestamp og nokre få av dei tøffe, klarte til og med å bada i sjøen. Kveldane gjekk med til kortspill og leik. Fredagen var det å pakke ned utstyr .Før avreise til Trondheim fekk me gode heimelaga fiskekaker.

Turen til Trondheim gjekk via Dyrøya på Frøya, der me vart møtt av Britt som hadde handla boller og brus til oss .Før me kom oss på hotellet i Trondheim, stoppa me ved Nidarosdomen. Me var ute og åt på restaurant Røft, før vi gjekk til Bowlingen. Mange ønsker seg tilbake til Sula de synes at det var den beste plassen de har vert på. Mange vil og på neste års leir.



Tusen takk for super tur til alle som var med. Kvar og ein var med på å gjera turer unik Helsing oss som fekk vera med på tur .





©2018 NFFNF      

Webmail

Dashbord

Intranett

Postadresse

Dyrøyveien 817

7273 Norddyrøy

E-post

Skriv til oss

Faktura

Inste Holen 83 B

6011 Ålesund

Org.nr. 971 563 842

Bankgiro 6019 05 38403

Telefon

Britt Ohrø 412 02 906

Leder

Berit Valen 900 18 270

Økonomi og medlemskap

Ellen T. Nilsen 452 15 009

Ungdomsleder

Personvernerklæring nffnf
  • Facebook Social Ikon
  • Vimeo Social Ikon